START

 

 

Møte med Rosendal

Boka presenterer ein praktfull og unik del av Noreg. Vårt ønskje er at ho skal vere av interesse for både fastbuande, tilreisande og andre interesserte. Det skal vere ei bok du kan slå opp i om du treng ei lokal matoppskrift, eller for å sjå andre og annleis bilete frå bygda. Du kan lese ho frå perm til perm, eller lese litt her og litt der. Ved å skildre Rosendal gjennom fire årstider, har vi fanga bygda i både solskin og ruskevêr, på kalde og milde dagar. Vi viser deg livet og lyset heile året.

Boka skildrar først og fremst vårt møte med Rosendal. Våre blikk og perspektiv pregar form og innhald. Samstundes har vi vore i nær kontakt med mange rosendelingar som alle har gitt oss verdifulle råd – deira stemmer har òg forma innhaldet.

Vi byrjar med eit historisk riss der vi har trekt fram sentrale sider av bygdehistoria. Vidare kjem vinter-, vår,- sommar- og haustkapitlet. Vi sluttar av med ein serie intervju med sentrale norske kunstnarar og korleis dei er knytt til bygda. I kvar årstid følgjer vi kokken Beate Hannisdal, som har komponert ein rett til kvar sesong, med dei lokale råvarene Rosendal og bygdene omkring har å by på. Gled deg til fire freistingar!

Gjennom linse og ord har vi sett bygd og folk, fjord og fjell. Med eit blikk som ser bygda utanfrå har vi sett saman ei bok som kanskje kan få fram nye og interessante dimensjonar av Rosendal.

God oppleving!

Laila Meyrick
Carina Watkinson
Synnøve Vindheim Svardal


det er lett å lage hjemmeside med affy.no