START

 

 

Historie

Det er fleire vegar inn til Rosendal, både frå aust og vest, nord og sør. Ein av dei finaste er sjøvegen. Der får du oversikt over korleis bygda ligg i terrenget, med dei majestetiske fjella i ryggen og med fjorden kvilande framfor seg.

Vi er i munninga av Hardangerfjorden og storhavet er ikkje langt borte. Fjella lunar og seier sitt om kvifor bygda har vore så sentral her i vest. Bygda Rosendal ligg i ei vik mellom fjella Skålafjell, Melderskin og Malmangernuten, og er administrasjonssenteret i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke. Per 2010 hadde bygda om lag 1100 innbyggarar. Snilstveitøy og Kalven og grannebygdene i Omvikdalen, Seim, Løfallstrand, Årsnes og Sundal kan også nemnast – kontakten mellom grannane er tett.

Namnet «Rosendal» har bygda fått etter Baroniet Rosendal. Det blei tatt i bruk først på 1900-talet, og før det blei bygda kalla Skålabygdo (Brekke, 2006:522). Rett nok ligg gardane i bygda i ei skålform: «Frå dei låge rindane nord for Seim og Skeie, til neset som rundar utover mot Løfallstrand [..] Nes, Mel og Kletta, Eik og Skåla nordvest for Mehlselva og Hatteberg, Om, Vang og Malmanger lenger mot søraust» (Brekke, 2008:522). Namnet kjem likevel ikkje frå denne runde forma, men etter ein gildeskåle som skal ha stått her i si tid. Gildeskål var eit samlingshus eller eit fellesrom med langeld – eit kjent trekk ved islandsk byggeskikk i mellomalderen. Gildeordninga går tilbake til førkristen tid, og her hadde truleg gardane gilde og rituelle festar. Gildeskåla ga slik namnet sitt til storgarden Skåla i vikingtida. I 2004 blei det avdekt ein mellomalder-kyrkjegard her, ei oppdaging som sluttar seg til ei lang rekkje arkeologiske funn gjort i bygda – mellom anna frå steinalder, bronsealder, jernalder og vikingtid. I 1932 blei det funne eit smykkesett tidfesta frå tidleg 900-tal på garden Hatteberg. Settet bestod av ein sølvhalsring, ein gullarmring og ei ringspenne i sølv. Smykka var ei blanding av irsk, skotsk og norsk kunsthandverk. Funnet, truleg laga av ein norsk kunsthandverkar med førebilete frå det norsk/keltiske miljøet i Dublin (Brekke, 2008:523), teiknar eit spanande bilete av ei bygd som har vore sentral i vestlandsregionen i over tusen år.


det er lett å lage hjemmeside med affy.no