START

 

 

Velkomen!

Kjell Nupen er ein av fleire kunstnarar som har funne ro og inspirasjon i den vakre bygda Rosendal i Hardanger. I boka «Rosendal gjennom fire årstider» finn du intervju med fleire av dei. Mellom anna Nicolaus Widerberg og Ulf Nilsen. Begge har dei sett spor etter seg i bygda. Widerberg med den monumentale skulpturen «Mot Melderskin» i Iddefjordgranitt og bronse, plassert utanfor Kvinnherad Sparebank, og Ulf Nilsen med utstillinga «..og alle blomster» på Baroniet Rosendal i 2006.

– Himmelen er uvanleg høg i Rosendal, seier Kjell Nupen. Han meiner Rosendal er eit godt rom å vere i. Kvar gong ein går rundt ein sving forandrar utsikta i bygda seg.

Praktboka «Rosendal gjennom fire årstider» tar deg med sjøvegen til ei bygd i bløming. Gjennom fire årstider kan du nyte vakre bilete, prøve deg på lokale matoppskrifter og lese eit portrett av nokre av dei som har heimen sin her.

Om våren og sommaren, står bygda i full blom. Fantastiske kultur-, natur- og matopplevingar står i kø for den som kjem. I boka får du innblikk i alt du kan oppleve.

Sjåast i Rosendal!

Du kan bestille boka direkte gjennom oss eller via Mentor: boknett.no

For ENGLISH please press flag at the top to the right.

Dette blir sagt om boka:
“Boka har med sine skråblikk inn i Kvinnherad gitt meg eit heilt unikt innblikk i kven og kva kvinnheringar er - det er nyttig for ein innflyttar. Eg frydar meg over at mangfaldet vert presentert på ein slik måte. - Eg oppdagar stadig nye ting både i smått og stort med Rosendal; kanskje fordi tekst og foto har utfordra meg til å finna det vakre og unike med alle årstider? Boka slår meg som svært poetisk og inspirerande”
Synnøve Handeland, varaordførar i Kvinnherad kommune

“Jentene bak Rosendalsboka har klart å fange det magiske. Boken blir overrekt ved høytidelige anledninger, kjøpt av begeistrete turister og er for oss, som er så stolte av bygda,
en flott gave å gi.

Irene Ravndal , interiørarkitekt i Rosendal

“Rosendalsboka er for oss eit nyskapande og kreativt tiltak. Boka legg vekt på hendingar
i kvardagen med tema og personar det ikkje før har vore så mykje fokus på. Produksjon, bilete og layout har høg kvalitet. Kommunen er godt nøgd med det samarbeidet vi har hatt med forfattarane”.
Kristian Bringedal, verksemd for Kultur-og fritid i Kvinnherad Kommune


det er lett å lage hjemmeside med affy.no